Best Western Sandviken Brygge Hotel
Facebook Twitter Google Plus Youtube

Din mening er veldig viktig for oss

Undersøkelsen tar 5-7 minutter

Best Western Rewards-medlemmer får 250 poeng som takk for hjelpen


Bestill rum

Rom 1

OK
Min bestilling

Best Western Sandviken Brygge Hotel 

Bu rimeleg og godt ved innseglinga til Bergen! Sandviken Brygge Hotel ligg i eit av Bergens mest fasjonable boligstrok, like ved bryggekanten i sjarmerande Sandviken. Hotellet ligg ein  20-minutters spasertur frå sentrum i Bergen, dryge 2 kilometer unna attraksjonar, restaurantar og shopping. Hotellet drivast av BEST WESTERN PLUS Hotell Hordaheimen som ligg i Bergen sentrum. Inn i hotellfamilien har vi og fått Ole Bull Hotel & Apartement som tilbyr 60 leiligheiter midt i Bergen sentrum. Ideologien til Hordaheimen sidan starten i 1918 har vore å skape eit overnattingstilbod for folk flest, våre tilsette sørger for at du vil trivast og at du gjerne ynskjer å kome attende til eit av våre hotell. Sandviken Brygge Hotel har 24 innandørs parkeringsplassar som kan bestillast på førehand mot ei avgift på 125,- per døgn, og har

SATS og Coop Extra som nærmaste nabo. Ynskjer du å trene medan du bur hjå oss? Kjøp rimeleg voucher på 1 treningstime hos SATS a 100,- per gong ( normalpris på drop in er 250,-)

 

Nærmeste busstopp er Munkebotn, avganger frå og til sentrum omlag kvart 5.minutt på dagtid. Når det gjeld flybussen, så er nærmaste stopp til Sandviken, Radisson Blu på Bryggen, sjå www.flybussen.no/bergen for informasjon om rutetider.
Viktig informasjon om du bur hjå oss i perioden september til medio mai : resepsjonen har då fylgjande opningstid:
- Sundag til fredag : 07.00 - 23.00
- Laurdagar: 07.00- 21.00
Har du innsjekk etter den tid, ta kontakt med oss for innsjekkingsrutiner. Vårt søsterhotell BW Plus Hotell Hordaheimen er alltid klar til å bistå etter stengetid med å bistå med innsjekking. Ring 55 33 50 00.

Haustkampanje!!

Anten du skal til Bergen i samband med jobb eller tek ein privattur til Vestlandets hovudstad, så har vi gode tilbod til deg.  I haust kan vi tilby fylgjande tilbod:

- Enkeltrom : 895,-

- Dobbeltrom: 1095,-

- Familierom: 1295,-

- Prisane gjeld på eit begrensa antal rom og kan kun bestillast direkte på info@sbhotel.no eller på telefon: 55396100.

Din heim i Bergen?

Ofte i Bergen? 

Om du treng ein fast overnattingsplass i Bergen, og ynskjer å bu i rolege omgjevnadar med gode parkeringsmoglegheiter og personleg service.

Då er BEST WESTERN Sandviken Brygge Hotel staden for deg! Vi tek godt vare på våre faste gjestar  og i pressa periodar. Ta kontakt med oss for ein god firmaavtale på annrita@bergenhotels.no.

Serveringstilbod

Hotellet har ikkje noko matttilbod utover ein herleg frukostbuffet. Vi har som mange andre Best Westernhotell frukostkonseptet " Best Breakfast by Tina", eit spennande, sunt og godt frukostalternativ.  Elles har vi avtale med Peppes Pizza for utlevering. Dolly Dimples er 5.minutt unna og Fiskerestaurant Van Tangen ligg og i nærleiken. Ein kan og kjøpe smårettar på Coop Extra om ein berre er litt småsvolten. Ynskjer du matpakke, kan du lage dette ved frukosten mot eit tillegg på 85,-. Vi har matpapir!

Severdigheter og opplevelser

Gamle Bergen

På 1800-talet var Bergen Europas største treby, og eit særprega bymiljø med tett trehusbebygging og travle gater, torg og smau. Det er få byar som har opplevd så mange storbrannar som Bergen har måtte tåle. Men Bergen har satt si ære i å ta vare på historia si. Gamle Bergen er ein rekonstruert by med omlag 50 trehus fra 17-, 18- og 1900-talet.

Sandviksfjellet

I området mellom Munkebotsvannet (også kalt Meyervannet) og Sandvikshytten går ein gamalsti som nyttast av turgåarar, denne stien fører oss rett til nokre av Byfjella.Sandviksfjellet (417 moh.) er eit av dei sju fjell som omkransar Bergen. Stien opp til toppen kalles Stoltzekleiven, og kan sette sjølv dei tøffaste på ein prøve...

Stoltzekleiven

Stoltzekleiven er ein bratt steinlagt tursti og trapp med 908 trappetrinn opp mot Sandviksfjellet.Stoltzekleiven tek av frå Fjellveiens nordlege del i Sandviken. Stoltzekleiven er etter ei rekke uhell blitt «enveiskjørt» det vil seie at ein går ned att frå toppen via Munkebotn eller Skredderdalen.

Sandviken

Strøket Sandviken begrensast mot Ytre Sandvikens grense i nord, gjennom Fjellveien til det gamle grensegjerdet ved Christinegård, så ned att til sjøen ved Småmøllen (Slaktehustomten). Sandviken er i gangavstand frå eit pulserande sentrum av Bergen, men strøket er likevel prega av ei ro med sjøen og fjella som omkranser bydelen.

Each Best Western® branded hotel is independently owned and operated. © 2002-2016 Best Western International, Inc. All rights reserved.
Vi bruker cookies for å gi deg en bedre brukeropplevelse